Fitjar Stord Hundeklubb har utstilling på Vikahaugane Sportssenter førstkomande laurdag og søndag. Det fortel leiar Bjørg Strømme til Fitjarposten.no

-Utstillinga åpner kl.09.00 lørdag 10. november av ordførar  Liv Kari Eskeland.

 

Bjørg Strømme fortel vidare at  utstillinga i år har ny rekord i påmeldingar. I fjor var det ca.850
hundar. Denne gongen blir det mellom 1100 og 1200 ekvipasjar, mellom 800 og 900 vaksne hundar – og rundt 300 valpar.

 

Påmeldingane er frå Ålesundstraktane i nord, Vestlandet , Sørover langs  Jæren til Sørlandet og   Austlandet mot  Sverige.

-Hundane vert delt inn i grupper, vi har 10 grupper som igjen har ulike rasar .På utstillinga vår er  125 rasar representerte,  alle  fra 9 månader og eldre.
Av valpar er det 89 rasar  som er representerte. Vi har henta inn 8 dommere til utstillingen. De er fra Sverige, Finland, Danmark og Norge, fortel Strømme som legg til at det er eit STORT arrangement som skal gjennomførast.

I 2008 er FSHK 25 år, det skal selvsagt feires då.