Fitjar-Stord Hundeklubb held si årlege hundeutstilling på Vikahaugane Sportsenter 8. og 9. november. Mellom dei 700 påmelde ekvipasjane er det òg deltakarar frå Fitjar.

Bedømming går føre seg frå morgonen av på laurdag,  og laurdag er det òg lydigheit på programmet. Finalane vert om ettermiddagen. 

– Her er også «barn og hund» med , ein uhøgtidleg konkurranse for born mellom 10 – 17 år.  Vidare er det gruppefinalar for dei aktuelle gruppene denne dagen, skriv Gerda Hagerup til fitjarposten.no. 

Søndag startar gruppefinalar og Best in Show- finalar, der utstillinga sin vakraste valp og vaksen vert kåra.