Ravn er heilt klar til avgang!

Vestlandets fuglehundklubb arrangerte skogsfuglprøve for ståande fuglehundar i Fitjarfjellet i helga.

Fuglehundklubben har dei siste åra hatt skogsfuglprøvar i Fitjarfjellet. Dette er blitt populære prøvar, og dei har i år større deltaking enn nokon sinne før, med heile 60 deltakande hundar.

Etter oppmøte og informasjon ved grusbanen laurdag morgon vert dei ulike hundane med førarar delt inn i grupper og sendt ut i fjellet. 6 hundar på kvar gruppe og ein domar. Og blandt alle hundane og dei grønkledde førarane deira står ein raudkledd journalist frå Fitjarposten. På spørsmål om eg bør skifta til meir kamuflerande fargar får eg til svar at eg er velkomen slik eg er. Dei er glade i tyttebær… Fitjarposten vert med den gruppa som går ut frå Svartavatnet.

Kvar hund skal ha minst 60 minutt på «jakt». Dette er eit krav til dei hundane som går for høgaste premie. Då skal han søkja etter fugl, markera fugl, og så presentera den for føraren som så skal skyta. Hunden skal så undersøka området for eventuelt fleire fuglar, og så bringa byttet til eigaren. Under prøve vert det skote med startpistol og byttet i dag er ei medbrakt rype frå domaren sin sekk. I dag vert det berre lyd, og ingen liv skal gå tapt.

Me treff eit par sauer ved Svartavatnet. Alle hundane som deltek har bevis på at dei sauereine, og skal ikkje bry seg om sauene. Me meiner me høyrer sauebjeller fleire plassar i fjellet og føler nesten at dei føl etter oss. Etter ei stund viser det seg at lyden kjem frå sekken til ein av deltakarane.

Når me går innover langs Svartavatnet har me vinden med oss, og hunden som er på jakt må springa føre og koma mot oss  igjen for å henta luft for å kjenne lukta av eventuelle fuglar. Hunden skal tråla området, saumfara det systematisk og samstundes kommunisera med føraren. Det er kjekt å sjå den enorme gleda det ser ut som hunden har av å vera her i terrenget. Det er kun ein hund på jobb om gongen, og resten av gjengen er som utolmodige ungar, dei pip og drar, og visar tydeleg teikn på at dei vil delta, og dei følgjer nøye med på om det skjer noko med han eller ho som er på jakt. Når halen tek til å gå på dei kan ein sjå at her luktar det fugl. Og det luktar fugl mange stader.

Etter endt jakttid på ein hund er det samling for høyra domarkommentaren. Denne hunden hadde dårleg intensitet, denne hunden var ikkje i ro etter støkk på rugder, denne hunden hadde god kontakt med eigar, denne hunden likte eg godt, denne hadde god intensitet, denne var for omstendeleg, denne var grundig osv.

Det er stadig fleire kvinner som vert med på fuglehundprøvar, og det ser domaren på som positivt. I tillegg til at det er kjekt så er dei vel så flinke som mennene. Den kvinnelege hundeføraren på denne gruppa seier at ho alltid har ein medarbeidersamtale med hunden på førehand, og om ein hund ikkje lukkast så ligg nok litt av ansvaret hos han eller ho som er sjefen og. Dette er ellers ein sport som ein kan driva med uansett alder, og alle konkurrerer på lik linje.

Fitjar viser seg ikkje frå si beste side, det regnar tett og skodda ligg til tider ganske så tung nedover fjellet. Når skodda er på det tjukkaste er det vanskeleg for eigaren å følgja/sjå hunden, på tross av at alle hundane har oransje vestar slik at dei skal visa godt igjen i terrenget. 30 minutt på kvar hund i første omgang. Dvs ein brukte opp sjansen sin etter kun to minutt avdi han ikkje stod stille då fuglen han hadde funne fauk opp. Resten av gjengen oppmuntrer og seier at slikt kan skje i dei beste familiar. Dyre minuttar er det, men her er det ingen som reknar på pengar. Domaren spøkjer med at ein kan jo rekna på det; reis, deltakaravgift, hotellopphald.. «Nei, ikkje gjer det, me har det jo så hyggeleg», kjem det kjapt frå ein av deltakarane. Det sosial er og veldig viktig. «Ja, her er det tap og vinn med same sinn», seier domar Tore Kallekleiv, mannen med staven og regntrekket der framme i skodda. Og skodda er ei stund så tett at me må halda oss tett inntil ei elv for å ikkje gå oss vekk. Men det er eit veldig flott terreng seier dei, og ingen klager på veret, sjølv om det kunne vore ein kjekk bonus med utsikt og klarver. Fuglane vert og litt «lette» som dei seier av denne skodda. Dei fykk lett opp og gjerne lenge før hunden er i nærleiken.

Me går så godt som heile dagen. Det er ikkje kaldt, men ganske vått. Etter ein kort rast med påfyll av energi men lite lunch-kos kjem me til Kyrkjevatnet. Derifrå tar me austover heilt til me kjem til kanten på andre sida og kan sjå ned til Langenuen når skodda trekk seg litt til side og gjev oss utsyn.

Gordon setteren Ravn står stand. Han har kjend lukta av fugl.. Spenninga stig. Han kommuniserer godt med eigar Jan Rune Hesjedal, og leier han fram til fuglen. Rugda flyg opp, Hesjedal skyt, hunden undersøkjer området for fleire fuglar, men det var det ikkje. Domaren legg ut fuglen han har i sekken, og Ravn må henta den. Han ville nok heller funne ein varm nyskoten fugl enn denne kalde, stive rypa, men han lyer og bringer fangsten inn til sjefen sin (apport), og får velfortent skryt. Og føraren får gratulasjonar frå resten av gruppa. Domaren går gjennom hendelsesforløpet, og så er det andre sin tur til å prøva seg.

Det å delta på fulgeprøve er kjekt og spennande. Mange har delteke på fjellfuglprøve som dei reknar som enklare enn skogsfuglprøve som dei har her på Fitjar. I tillegg til at dette er trening for hund og førar, så får dei god respons på korleis hunden og dei klarer seg, og resultatet er med på å framavla gode jakthundar.

Me følgjer fjellet sørover, kanskje litt lenger sør enn planlagt, me snur og går tilbake for å finna fram til Svartavatnet igjen. Heile tida med ein hund  på «jakt», etter tur. Domaren bestemmer, og seier dette er einaste plassen alle gjer som han seier. Det likar han.

Så er me tilbake der me starta. Alle har fått god trim, og seier dei har hatt ein fin tur. Deltakarane skryt av domaren og domaren seier det har vore ein god dag der me har sett mykje fugl, men dei har som sagt vore lette, og det er få hundar som har fått prøvd seg skikkeleg. Såleis vart det kun Ravn på denne gruppa som fekk premie i dag. Han fekk til gjengjeld så god scor at han fekk 1. premie. Premieringa føregår ikkje som ein konkurranse men ut frå poeng utrekna frå ulike krav. Både premiehunden Ravn og dei andre hundane såg trøtte og fornøgde ut.

Søndag var det og planlagt prøvar, men då låg skodda endå tjukkare og lenger ned over fjellet og det regna endå tettare. Anne-Grethe Pedersen som er prøveleiar for Stord prøven fortel søndag kveld at dei har fullført alle prøvane i dag og, sjølv om det var litt tungt pga veret. Men veret kan ein ikkje gjera noko med, som ho seier. I dag og såg dei mykje fugl, og meiner det har vore godt med fugl i fjellet. Så  mange premiar vart det ikkje denne helga, og det får skodda skylda for. Med mykje skodde kan ikkje hundane springa så langt og alt vert litt vanskelegare. Men helga har vore vellukka og dei ser for seg at dei kjem tilbake neste år.

Ynskjer du å bli meir kjend med Vestlandets hundeklubb kan du gå inn på heimesida deira, der vil du og finna resultata frå prøvane (Stord prøven): http://www.v-f-k.no/index.php

Ravn er heilt klar til avgang!

Spennande å følgja med den hunden som jaktar.
Spennande å følgja med den hunden som jaktar.

Gordon Setteren Ravn fekk 1. premie etter å ha lukkast på si jakt.
Gordon Setteren Ravn fekk 1. premie etter å ha lukkast på si jakt.

Mors (Eli Korneliussens) Elling kosar seg ute i terrenget.
Mors (Eli Korneliussens) Elling kosar seg ute i terrenget.

Hundar og førarar er tilbake til Svartavatnet etter ein laaang tur i fjellet.
Hundar og førarar er tilbake til Svartavatnet etter ein laaang tur i fjellet.

Både hundar og førarar følgjer spende med på den hunden som er ute på jakt.
Både hundar og førarar følgjer spende med på den hunden som er ute på jakt.

Ein einsleg jegar/hundeeigar følgjer med på hunden sin.
Ein einsleg jegar/hundeeigar følgjer med på hunden sin.