Perioden frå 23. juli til 23. august vert kalla hundedagane.

Denne perioden har fått namn etter Sirius, som òg vart kalla Hundestjerna.

Våre besteforeldre sa at det blei stygt ver desse vekene dersom 23. juli var ein regnversdag. Viss sola skein på denne dagen, skulle det bli fine dagar framover. Det vart og sagt at all mat surna lettare i hundedagane. Då kan me ha i minne at svært få hadde kjøleskap den gongen. Skulle ein piske kremfløyte, kunne ein oppleve at han ikkje vart stiv. Fluger og andre insekt skulle visst og vere hissigare til å stikke.

 

I boka Merkedagar og gamle skikkar står det at ein ikkje burde bade i hundedagane, og heller ikkje la seg årelate, for det kunne føre til tungsinn.

 

Me veit at det var sol og fint ver i går og håpar på godver framover. Då vert det nok bading i Breiavikjo eller andre høvelege stader. Så kan me eventuelt snakkast i august og sjå om verteikna er noko å stole på.