Ein av hundane som skulle på den store hundeutstillinga som startar i dag, blei overkøyrd av ein buss ved Langenuen ved 22-tida i går kveld.

I det tette snødrevet trudde turbussjåføren at han hadde køyrd over noko isopor eller liknande. Men bilføraren som kom bak, meinte det kunne vere ein katt eller hund.

Samstundes ringde hundeeigaren og fortalde at ein av dei tre hundane hennar, som skulle på hundeutstillinga, hadde stukke av frå Langenuen Camping og var blitt overkøyrd oppe på E-39, kan me lese i loggen til Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.