Når kråka og måsen slår seg saman mot ein felles fiende

Når kråka og måsen slår seg saman mot ein felles fiende, då vert det liv.

Slik som nedanfor Rosnes-Storhaugen tysdag kveld.

Thira og eg var ute på kveldstur, og på veg opp frå idrettsplassen høyrde me ståket. Ganske riktig: Ein hønsehauk med ein due i nebbet, og ein flokk skrikande måsar og kråker etter seg.

Me etter ned mot Havnahagen. Like i vegkanten kom me overraskande over hauken, som for utover Rosneset utan dua. Men Thira spora opp bytet hans, ei flott ringdue, og var svært så kry.