Tittelen syner til eit av innslaga i revyen «Fitjar forever» som  hadde premiere i teltet ved Fitjar Fjordhotell i går kveld. Bilete: Mette Marit, alias Jan Rune Holdhus, opnar StorFitjar kommune. Foto: Håkon C. Hartvedt

Og revygjengen hadde det klart for seg: Den nye storkommunen i Sunnhordland heiter StorFitjar, men som dei sa: -Fitjar har fått namnet. Stord fekk resten. Likefullt er Wenche Tislevoll ordførar i den nye storkommunen, men ordførarkjede hadde ho ikkje fått: Det var enno ikkje avklart korleis det skulle sjå ut.

Så skulle kvar kommune bidra med eit kulturrelt innslag i samband med opninga. Ordførar Wenche Tislevoll tenkte då at ho skulle alliere seg med operasongar Runar Thor Gudmondsson, men han kunne ikkje. Då meinte papen at ho like godt kunne syngja sjølv, og så peiste ho i gang, i Ole Bergesen sin skapnad, med ein song som både var for høg og krevjande for songaren. Skikkeleg humoristisk, spør du oss. Men sketsjen slutta ikkje med dette.

Den som fekk æra av å klyppe snora for den nye storkommunen, var ingen ringare enn kronprinsesse Mette Marit. Flott spela av Jan Rune Holdhus.

Elles hadde revyen òg denne gongen moro med lokale personar. Det er som kjent ei ære å bli parodisert. Og nokre av dei som vart æra på denne måten var Sigurd Andrè Maraas, Hans Engel Ivarsøy – og andre vart òg nemnd. Mellom anna Terje Træet. Han var ikkje med i revyen i år. 
Og utan å seie noko negativt om dei andre, må me seie at me sakna han.

Ole Andre Westerheim som Sigurd Andre Maraas i Elvis-dress. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Øystein Kloster, Ole Andre Westerheim,Hanne Mellingen og Ole Bergsen i «Hans Engel», der en hadde laget teksten til rappelåten  «Du er min engel, min engel, min engel» om til «Hvor er Hans Engel, Hans Engel , Hans Engel». Foto: Håkon C. Hartvedt

Revyen var elles innom både Husmorskulejubileet og vindmøllene – og me møtte som vanleg òg både Oscar-en og Fitjarbuen. Eit av nummera: «Pensjonisturen» har nok henta sin inspirasjon frå den siste Revyfestivalen i Fitjar. Der fungerte det bra. Det syntes me ikkje  det gjorde her. Det er ikkje aktøren si skuld, han gjorde sakene sine bra. Innslaget fungerte berre  ikkje i denne settingen, noko òg laber applaus understreka.

Samstundes veit me at det er med revy som med andre ting at « smaken er som baken», og samstundes at revy er revy, og må vurderast etter det. Som Piet Hein sa en gang:

Den som kun tar spøk for spøk,
og alvor kun alvorlig,
han og hun har faktisk fattet
begge deler like dårlig. 

Ellevilt «puppeshow». Eit innslag som vart til noko heilt anna enn det me forventa. Plutseleg vart dei påsydde puppene til armar som slo ut i alle retningar. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Vindmøllene er òg med i revyen. Foto: Håkon C. Hartvedt 

 

Latteren sat laust i år òg. Foto: Håkon C. Hartvedt