Elevane i drama/teatergruppa i Kulturskulen stod nyleg for ei flott framsyning av Rune Belsvik sitt stykke «Siste song».

Kulturskulerektor Anne Lene Østvold Jordåen fortel at elevane i drama/teatergruppa til Kulturskulen formidla historia på ein humoristisk og stemningsfull måte.

– Fleire av skodespelarane går sjølv i 10. klasse, og det var tydeleg at dei klarte å setta seg inn i og kjenna seg igjen i kjenslene til karakterane i stykket.

Dei sju jentene på scena var: Victoria Bergesen, Ingrid S. Bergesen, Hedda Kongestøl, Frøydis Malkenes, Ingrid Tveita, Åse M. Underhaug og Christina Koløen. Lærar med ansvar for det heile var Torill Berger Falk og lys/lyd blei styrt av Sverre Fangel Brekke.