Harlald Fjøsne si bok "Veterinær på ville veier" er ei artig bok å lese. Det går nesten ikkje an å koma seg igjennom dei 140 sidene utan å trekkje på smilebandet gong etter gong.

Samstundes finn me òg nære, vàre og varme historier frå ein veterinær sin kvardag i denne boka. Og Fjøsne skriv drivande godt.

Interessant og lærerikt er det  å møte kvardagen, for å ikkje seie arbeidsmengda og utfordringane det var i å vere veterinær for ein del år tilbake, og kanskje er det like vanskeleg å seie nei til å koma når nokon har dyr som lid i dag?

Det var heller ikkje alle som kom på at veterinærar òg treng å sove nokre timar i døgeret.

Somme stader vart det eit svært tillitsfullt forhold mellom dyrlegen og bonden, som i denne historia der Fjøsne skriv om ein bonde på Fitjar. (Boka er på bokmål, og me siterer historia slik ho står skrive der).

"På Fitjar kom jeg en gang i sykebesøk til et grisefjøs. På kontorpulten lå en lapp. På den stod at eieren dessverre var borte, men at jeg kunne fylle ut den vedlagte, signerte sjekken selv.."