Tirsdag føremiddag samles ein gjeng med smilande damer til helsedans på Fitjar treningssenter. Jorunn Hernes instruerer dei, kyndig og humørfylt.

Klokka nærmar seg 12 og damene kjem sigande. I dag er det to nye som vil prøva seg på dansen, og dei helsar på Jorunn Hernes som leier treninga. «Da e du så e ho der såpedamo?», spør ei av dei nye, og Jorunn er rask med å svara: «Ja, og no er eg og ho dansedamo.»

Så tek me til. Som på all anna trening starter det med litt oppvarming. Dei 9 som kom i dag samlar seg i ein ring og følgjer etter instruktøren. Så er det boogi-woogi, litt polka, reilender, troika, reel og salsa. Dansane er henta frå heile verda. Det meste foregår i ring, og det er lite pardans her.  Nokre av deltakarane har dansa ein del tidlegare, andre har dansa lite, eller ingenting. Her er alle velkomne. Nokon har dansesko, andre dansar på sokkelesten. Det er litt kaldt på golvet, så det er godt å få opp varmen i kroppen.

Så må me ha litt cowboy-musikk, og linedance. Ringen vert splitta opp, og dansarane stiller opp på to rekker. Nokon tykkjer linedance er vanskeleg. Men me kan ikkje klara å læra alt med ein gong, me må ha noko å strekka oss etter. «Til jul,» seier Jorunn, «då skal me kunna det. Til jul.» Nokon smiler og ler, og lurer på om det er denne jula eller den neste ho meiner…

Høgre og venstre går lett i surr. Men er det feil høgre fot ein tek til med får ein ei godmodig påminning om å ta til med den andre høgre foten. Telling kan og vera ei utfordring, men det er lov å gjera feil. Ingen er feilfrie, heller ikkje Jorunn, og det er befriande. Men alle går på med friskt mot, og når me kjem til «det som je itte kæn.» 

Denne dagen avsluttar treninga med ein gresk dans. Den er enkel og varer lenge, så alle rekk å koma godt inn i det. Ut, framfor, ut, bak, spark, spark… Slik går det, igjen og igjen. Nokon konsentrer seg veldig om føtene, andre kjenner igjen dansen og drøymer seg tilbake til ei varm strand i Hellas.

Helsedansen er inne i sitt 3. semester, og er populær blandt ein del damer i sin beste alder, og nokre litt yngre. Ingen menn har så langt vågt seg inn. Ein treng ikkje vera medlem i treningssenteret for å vera med på helsedans. Det er ope for alle, og det er plass til fleire. Denne gongen var me «berre» 9 stykker, men det står 17 namn på lista. Det brukar vera ca 12 stykker kvar gong, og det er bra for då er det nok folk til å dansa 3-tur frå Fana.

Det heile starta med at Jorunn hadde lyst til å låna treningsrommet på treningssenteret til å dansa med vennene sine på Havnahuset. Ho er utdanna spesialpedagog, og brenn spesielt for å bruka dans saman med psykisk utviklingshemma. Ho får låna salen gratis til det tilbudet ein kveld i veka, mot å ha helsedans for andre på dagtid. Mange ynskjer, og har behov for, å vera aktive, men føler  at spinning, step og andre aktivitetar på senteret ikkje er det rette for dei. Her på helsedansen er målet at alle skal kunna vera med. Me skal ikkje tilpassa oss dansen, dansen skal tilpassast dei som dansar. Det vert det teke omsyn til vonde armar og skuldre, stive føter og vonde hofter. Jorunn sin tanke er at alle skal få dansa, og hennar oppgåve er å få dansen på nivået til dei som deltek. Då gjev dansen livsglede og livskvalitet.  Dans er noko som ligg djupt nedfelt i oss menneske. Med dans meiner ho då å bevega seg saman med andre i takt med musikken.  Alle kulturar dansar, minner Jorunn om. 

Dei dansande damene har for lengst forlatt lokalet. Jorunn har mange tankar, og kunne nok snakt i det uendelege om dansen og om å dansa med multifunksjonshemma. Dei har gjerne få tilbud, og dei viser så stor glede og forventing. Denne gruppa er det veldig kjekt å jobba med, seier ho, og smiler med heile ansiktet.

Jorunn driv og med sittedans på dementavdelinga, i tillegg til helsedans. Og ein kveld i veka dansar ho med gjengen frå Havnahuset, som ho kallar vennene sine. Det er ingen tvil om at det er dei siste ho er mest glad i. Nyleg har ho og gått på kurs i Afrikansk dans, og litt av det ho lærde der prøver ho ut på dei spreke damene. Men det er ikkje alle som tar det like lett som Jorunn, og som er like ledige i kroppen som ho. Men litt av ferdigheitane, og ikkje minst dansegleda, smittar over på oss andre.

Kvifor helsedans, spør me? Fordi det gjev livsglede og  samhørigheit. Det trener koordinasjon, kondisjon, bevegeligheit, den mentale helsa og mykje meir, forklarer Jorunn. Dans er godt for helsa. Og hugs, her er det inga utstemming, og ingen får lov å koma berre for å sjå på. Ingen får vera veggpryd her, her må ein delta. Men dei som treng ein pust i bakken kan sjølvsagt setja seg nedpå litt. Jorunn gjev deltakarane ein lovnad, og det er at denne gruppa skal aldri opptre, om dei er aldri så flinke… Og her slepp ingen journalistar til utan å delta i dansen. Men etter å ha «infiltrert» miljøet i vel eit år, fekk eg lov å skriva litt, og aller nødigst ta nokre få bilder. Her er det ingen som vil stikka seg fram. Men dette er eit flott tilbud som fortener å bli trekt fram!

Neste helsedans er tirsdag 25. november kl. 12.00-13.00 på Fitjar treningssenter, i 2. høgda i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Det er siste dansesamlinga før jul, og både «nye» og «gamle» danserar er velkomne då. Jorunn minner om drikkepresset på dansen, og ber alle ta med ei flaska med vatn.