Jensen og Klabbetrynet. Foto: Fitjarfestivalen si heimeside

Fitjarfestivalen kunne i dag annonsera at Bjørn Jensen og Svein Tore Hindenes frå Ausekarane kjem til Fitjarfestivalen.

Jensen og Klabbetryne, som Svein Tore Hindenes orkesterleiaren i Ausekarane kallar seg, kjem til Fitjarfestivalen fredag 9.august.

– Bjørn Jensen er Vestlandet sin offisielle leverandør av humor, musikk og humormusikk, skriv Fitjarfestivalen på heimesida si.

Saman med Svein Tore Hindenes tek Jensen med seg morosame historier, «sjau og spel», og alle dei beste låtane frå Ausekarane og Vinskvetten!

Foto Fitjarfestivalen si heimeside

Spennande konsertprogram

Fitjarfestivalen har elles annonsert at Maria Arredondo og Torstein Sødal kjem til Fitjar kyrkje torsdag 8.august. Dei får æra av å opna Fitjarfestivalen 2019 med ein flott konsert med innslag frå musikalar, gospel, viser, samt nokre religiøse songar.

Laurdag 10.august vert det Åsmund Nesse og Smelta Smør som skal stå for stemninga under Fitjarfestivalen. Nesse har gjeve ut to album, og får med seg bandet «Smelta Smør» til Fitjar.

– Ein konsert med Åsmund Nesse og Smelta Smør rommar både skjemt og alvor og er trygt forplanta i folk-tradisjonen. Musikalsk er det stor spennvidde i uttrykket, i frå humoristiske drikkeviser til melankolske låtar til ettertanke, skriv Fitjarfestivalen på si heimeside.