Det var annonsert at Ukraina-bussen skulle kome til Fitjar

Nils Inge Hatlevik frå Stord fortel til fitjarposten.no at det såg ut til å bli god respons på innsamling av kle i ettermiddag. Tidlegare har fitjarbuen gitt mange kle-sekker til Barmhjertighetsbussen, men den ordninga er nedlagt. Kle-transport til byen Malin i Ukraina skal køyrast i palmehelga, og no er det innsamling rundt om i distriktet. Ein reknar med å få full buss, ca 500 sekker, seier Nils Inge. I tillegg har Røde Kors gitt fire sekker med brukte leiker. Denne bussen køyrer til Ukraina ein gong i året i tillegg til fire – fem trailerar. Nils Inge har sjølv vore med på mange turar. Difor har han sett at kle-sendingane når fram til dei som treng det. Toll-klarering kan by på problem, det er eit korrupt system der nede. Men som oftast går det bra. Dersom nokre klesplagg er nye, må dei ikkje ha prislapp eller vere innpakka i original emballasje. Det er tollfrihet på brukt tøy. Den nemnde organisasjonen har ingen administrasjonutgifter, alt er basert på frivillig arbeid, understrekar Kjetil Eldøy frå Stord. Han er styremedlem i organisasjonen som har hovudsete i Skudesnes forutan ein base på Stord: Den humanitære misjonsorganisasjonen Hjertelag Ukraina.

Dei som kom med kle i dag kunne nyte ein kopp kaffe medan praten dreia seg om hjelpesendingar. Og ingen hadde noko i mot å betale hundre kroner for kvar sekk dei leverte.