Foto: Human-Etisk Forbund

I midten av mars avlyste Human-Etisk Forbund alle vårens konfirmasjonsseremonia, men no tilbyr dei ny seremonidato til alle sine konfirmantar.

– Me er stolte av å ha funne nye datoar til alle dei 400 konfirmasjonsseremoniar landet rundt, melder Generalsekretær Trond Enger.

Han skriv at forbundet veit at konfirmasjonsseremonien betyr mykje for konfirmantane og deira familiar. Difor håpar dei at situasjonen tillater å gjennomføra desse når hausten kjem.

På Stord vert det seremoniar 29.august, og på Bømlo vert det seremoni 30.august. I alt er det 75 konfirmantar som har valt humanistisk på Stord, Fitjar og Bømlo.

– Å ikkje skulle tilby ein ny seremonidato, var heilt uaktuelt for oss, seier Laila Engelsen i Sunnhordland lokallag.

– No har me stått på, ringt rundt og fått booka om. Me opplever god hjelp og stor forståing frå våre samarbeidspartnarar, og særleg kulturhusa våre. Me håpar verkeleg at konfirmantane og deira familiar vil sjå på dette som ei god løysning i ein vanskeleg situasjon. Me gler oss, avsluttar Engelsen.