Jakob Hovstad(t.v.) og ein kompis poserer velvillig.

3.februar 1948 reiste Jakob Hovstad til Tyskland for å tenestegjera i Tysklandsbrigaden. Han hugsar godt dei 6 månadane i landet, sjølv om det nærmar seg 72 år sidan hendinga fann stad.

Saman med om lag 50.000 tenestegjorde Hovstad i Tyskland etter andre verdskrig. Noreg deltok i dei allierte sin okkupasjon av Tyskland mellom 1947 og 1953. I dag fekk Jakob Hovstad tildelt Forsvaret sin medalje for internasjonale operasjonar for sin teneste.

Jakob Hovstad, eller som eg kallar han: «Besten», fyller straks 93 år, men hugsar tida frå Tyskland som det var i går. Spesielt godt hugsar han kor fælt det var å sjå dei store øydeleggingane, men han har ogso gode minner om kameratskap og dans.

– Du må ikkje skriva alt eg fortel deg, humrar han.

Stolt 92-åringen med diplom og medaljar. Foto: Ingrid Hovstad

Liten storm skapar bry for landkrabbane

Besten vart kalla inn i militæret i 1947. På den tida jobba han som dreng på Jæren.

– Me møtte på Madla på hausten. Der vart alle våre personlege effektar pakka i ein koffert og sendt til Vatneleiren utanfor Sandnes. Der låg dei heilt til me kom heim frå Tyskland og enno var dei ikkje mygla, spøkjer han.

Vidare gjekk turen til Ulven leir i Os. Der var dei i tre månadar før dei tok toget til Porsgrunn.

– Me låg i Vallemyrene leir medan me venta på å reisa over. Vallemyrene var ein dårleg leir. 3 køyer i høgda, og rått som i ein gammal flor. 3. februar kom beskjeden om å ta på oss alt av effektar, og stig om bord i KNM Svalbard.

Jakob var i den tredje brigaden (Brig 481) som vart sendt ned, og båtturen var ikkje akkurat noko cruise.

– Me møtte sjølvsagt ein liten storm då me kom ut på ope hav.  Eg hadde nattevakt og hugsar lukta som møtte meg når eg skulle ned att på sovedekket. Det lukta «heilt borti natta», og dei eg skulle vekka til neste skift bad meg ryka og reisa. Eg er enno takknemleg for at eg fann meg ein liten krok å sova i oppe, fortel han.

Sjokkert av øydeleggingane

KNM Svalbard gjekk til land i Hamburg. Besten hugsar det var mørkt når dei kom fram og at det gjekk sakte på slutten. Dei skulle tross alt losast trygt forbi miner.

– Eg hugsar fyrsteinntrykket var fælare enn me hadde forventa. Eg hadde jo sett krigens herjingar før sidan eg var med på å byggja opp att Telavåg med trelastfirmaet Isak Koløen AS. Likevel var det ingenting i forhold til det som møtte oss i Tyskland. I Hamburg var det berre togskinnene att, og Hannover var heilt knust.

Frå Hamburg tok dei toget til byen Goslar like ved grensa til den Sovjetiske sone, og frå der gjekk turen til fots til leiren Fliegerhorst.

– Me budde på 3-mannsrom og det var reine himmelen. På Ulven var me nemleg 12 mann på kvart rom. Det einaste som mangla når me kom var kol, og det var so kaldt at me sov med kleda på. Heldigvis kom det to etterlengta vogner med kol etter 3 dagar, seier Jakob, som var med på å lessa det av.

Vel framme ved leiren utanfor Goslar.

Arbeid og alvor

Besten fortel at dei var vakter sidan tysk politi ikkje fekk bera våpen. Det var vaktpost på kjøkkenet, i garasjenanlegga, matdepotet, inne i Goslar, ved grensa til Sovjet og ved flyktningleiren i nærleiken.

– Det eg likte aller minst var å ligga vakt på grensa, myggen beit og ein måtte halda eit auge til russarane.

Han fortel at dei alltid bar skarp ammunisjon. Besten enno er sjokkert over kor få ulykker det var, men ein gong gjekk det skikkeleg gale.

– Me fekk rasjonert ut tobakk, og den nytta me til bytehandel. Ein gong gjekk ein handel skeis. Nordmannen trudde tyskaren strekte seg etter eit våpen og skaut han i «sjølvforsvar». Nordmannen fekk berre 3 år, men seinare vart saka tatt opp att og han fekk straff som fortent, seier Jakob alvorleg.

Han følgjer opp med ein hyggeleg historie.

– Me kunne ta taubane opp til eit utkikkspunkt, men me hadde jo ikkje tysk valuta til å betala med. Heldigvis godtok dei to sigarettar for turen opp, og to for returen som betaling, småler Besten, som likte godt å ta taubanen.

40 dagar på øving med dei allierte tok på, fortel Besten.

Det må ha vore nokre gode sitronkaker

Jakob har fleire mindre hyggelege minner frå Tyskland. Han fortel om ubehaget etter 40 dagar på storøving med dei allierte, og om når ein i kompaniet drukna medan dei øvde til å ta idrettsmerke. Aller verst inntrykk gjorde turen til fangeleiren Bergen-Belsen.

– Eg grein i bøtter og spann av forteljingane me fekk om dei forferdelege tinga som hadde skjedd der.

Heldigvis er det minna om kor kjekt dei hadde det i lag i kompaniet som er i fleirtal.

– Ja det eg hugsar aller best er kameratskapen, og dei gode sitronkakene me kunne kjøpa i kantina. Me fekk berre kjøpa to stykke og heile løna gjekk i det, men om eg spelte trekkspel fekk eg eit stykke til frå damene i kantina, ler Besten.

Sitronkakestykka kom godt med, for det var ikkje rare rasjonane med mat dei fekk. Ei skive loff til frukost og ei og ei halv til lunsj. Til middag var det litt potetstappe og eit minimalt stykke med kjøt.

Lærte tysk frå okkupantane

Jakob likte å sjå seg om medan han var i Tyskland, og drog på fleire togturar når dei hadde fri. Han kunne litt tysk frå før, enkle gloser plukka opp frå tyskarane som okkuperte Jæren under krigen. Vidare lærte han nok til å klara seg i samtalar medan han var i landet. Han humrar og røper at det var særleg ei dame som gjorde tysken hans betre.

– Me hadde perm to gongar. Første gongen fekk me lov til å gå eit flott hotell i Bad Harzburg med symjebasseng ute og inne. Det var berekna for amerikanar, so me måtte sova på eit mindre flott hotell. Løytnanten haldt formaningstale om at me måtte oppføra oss fint, ikkje drikka for mykje øl eller toska oss. Om me gjorde det kunne me få by opp ei jenta til dans, fortel Besten medan han smiler lurt.

Den andre permen nytta dei på ein tur til Sankt Andreasberg, der var det eit 70-meters skihopp. Besten fortel at ein måtte vera forsiktig når ein hoppa. I nedslaget måtte ein nemleg halda til venstre for å unngå og koma inn på russisk sone.

Jakob Hovstad har lese mykje i heftet han fekk frå Tysklandsbrigaden sitt veteranforbund. Foto: Ingrid Hovstad

Minnerike bilete

Mange nordmenn nytta høvet til å kjøpa eller bytta til seg diverse saker medan dei var i Tyskland. Kamera var blant dei populære objekta, men Besten kjøpte ikkje. Nokre bilete har han likevel blant anna av leiren, Goslar og seg sjølv.  

Han hugsar andre frå Fitjar som var med i Tysklandsbrigaden samstundes som han sjølv. Arne Korsvik, Sverre Aarskog, Amund Midttun og Lars Tveita er namn han ramsar opp. Han kan ogso namna på Fitjarfolk som var i seinare brigadar.

– Det var ei oppleving for livet, og eg trur aldri eg kjem til å gløyma det, avsluttar Hovstad.