Solveig Mjanger ser på seg sjølv som ein gründer, med eit sterkt selskap i ryggen. Foto: Ingrid Hovstad

For 13 år sidan skulle Solveig Mjanger berre kjøpa nokre hudpleiep­rodukt til seg sjølv. I dag lev ho av å selja sminke og hudpleie, samstundes som ho leiar 230 andre hudpleiekonsulentar i heile landet.

Ei smilande Solveig Mjanger møter oss på sitt nye kontor på Fitjar. Utanfor står den lett kjennelege lyserosa Volvo-en hennar, med Mary Kay-bokstavane på sida.

– Den bilen er eg stolt av. Eg er den første i Noreg med denne typen bil som eit gode. Eit gode eg kan takka mine gode kundar, og flinke konsulentar for, fortel Mjanger.

Solveig Mjanger har nettopp hatt sitt beste år i Mary Kay (MK) til no, og ser tilbake på ein annleis vår.

Foto: privat

– Mary Kay året går frå august til august, og til tross for ein merkeleg vår vart det eit fantastisk år. Koronakrisa endra sjølvsagt kvardagen min. Eg kunne ikkje lenger besøka konsulentar og kundar personleg, og måtte finna nye løysingar. For meg og min «unit» vart det å bruka sosiale medium meir. Det har vore spennande å by på seg sjølv via videoar. Her om dagen filma eg faktisk ein produktdemonstrasjon medan eg var på fjelltur, ler Mjanger.

– Året som gjekk var faktisk det beste min «unit» har hatt nokon sinne. Mary Kay har hatt høgare omsetning i Noreg i år enn i fjor, fortel Solveig.

Heiltidsjobb i 6 år

Mary Kay Ash starta selskapet Mary Kay i Texas i 1963. Selskapet som i dag er eit av verdas største innan direktesal av sminke- og hudpleieprodukt kom til Norden i 1992. Frå det nordiske hovudkontoret i Goteborg leiar dei 23.000 konsulentar.

Solveig Mjanger har ansvar for å hjelpa 230 av desse, og har i dag den ikkje heilt enkle tittelen «future executive senior sales director». Solveig har levd av Mary Kay i 6 år no, men innrømmer at det var ikkje planen når ho starta med MK for 13 år sidan.

– Eg vart konsulent i MK for å kjøpa nokre kremar til eige bruk, og hadde ingen planar om å selja til andre. Men so byrja eg smått å selja til vener og kjente for å tena nokre kroner. Det «balla» fort på seg, og allereie etter eit år var eg blitt leiar og hadde 30 konsulentar «under» meg, fortel Mjanger.

Ho seier det i hermeteikn, og forklarar at ho ikkje på noko som helst måte er sjefen deira. Jobben hennar er å motivera og hjelpa desse konsulentane.

– Om dei berre vil kjøpa til seg sjølv, tena litt pengar på si eller leva av det slik som meg er heilt opp til kvar enkel. Sjølv likar eg å ha noko å strekka meg etter, og set meg stadig større mål og nå.

Solveig trivst på sitt nye kontor i Havn. Foto: Ingrid Hovstad

Ynskjer å gje damer betre sjølvbilete

– Eg ser på meg sjølv som ein gründer med eit stort, støttande selskap i ryggen. Dei er rause, som med bilen, men for meg er bilen, turar og andre gode berre det flotte på toppen av den ekte gleda denne jobben gjev meg, fortel Solveig Mjanger.

For ho er det nemleg det at jobben er givande som betyr aller mest.

– Denne jobben har gitt meg mange moglegheiter, og mykje fridom. Eg vel sjølv kor mykje eg vil jobba og kva tid. Samtidig har denne jobben gitt meg betre sjølvtillit og styrken til å gjera ting utanfor min komfortsone. Det at eg får gje den moglegheita vidare til andre er svært givande. At eg kan gje andre damer betre sjølvbilete, er mykje viktigare enn å selja ein krem, fortel Mjanger.

– Mary Kay Ash ynskte å visa kvinner at dei både kunne leva opp til deira fulle potensial, og at ein kan finna suksess gjennom å hjelpa og oppmuntra andre. Eg likar at Mary Kay fortset å jobba etter dette prinsippet, seier Mjanger med eit smil.

Ein får lett auga på Mjanger når ho fartar rundt i sin lyserosa bil. Foto: Ingrid Hovstad

Saknar kvardagen

Solveig Mjanger gler seg til ho atter ein gong kan reisa rundt å besøka konsulentar og kundar.

– Eg køyrer rundt 30.000 km i året for å sjå om damene mine. Dei er heilt rå, og min «unit» har vore inne på topp 10 lista i Noreg i nokre år. Til dømes skal eg til Island i 2021 med dei andre toppdirektørane i Norden. Det er fordi min «unit» hadde omsetning på over 4 million kroner i fjor.

Mjanger saman med partnaren sin Signe Heia Halvorsen er to av ti i frå Norden som skal til Dallas Texas i 2021 for å møta andre MK-leiarar frå heile verda.

Vanlegvis reiser Mjanger og dei andre Mary Kay leiarane i Norden til Gøteborg på denne tida av året, men i år vert samlinga over internett. Solveig har difor invitert damene sine til Fitjar for å sjå sendinga.

Fitjar-ambassadør

Solveig Mjanger stammar i frå Masfjorden, men flytta tidleg heime frå for å gå på skule. Dei siste 17 åra har ho budd på Fitjar, og ho har blitt svært glad i plassen.

– Alle i MK Noreg veit kor Fitjar er, so eg trur eg kan kalla meg Fitjar-ambassadør med god samvit, ler Mjanger.

For nokre år sidan var til og med toppsjefen for MK-Norden Carl Henric Wallblom, på besøk på Fitjar, og Mjanger inviterte bygda på ope inspriasjonsarrangement.

 – Eg hadde bestemt meg for å få han til Fitjar, so han kunne få sjå at ogso her på «landet» kan me få det til, avsluttar Mjanger bestemt.