Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar Mekaniske planlegg fleire nybygg

Skipsverftet skal setje opp fire mellombelse telt for drift av kai og verftsområde, samt eit permanent teknisk bygg.

Fitjar Mekaniske har søkt kommunen om dispensasjon frå detaljreguleringsplanen for området i samband med oppføringa av bygga. 

Formåla til bygga som skal reisast teknisk bygg, miljøstasjon, isolasjonslager, røyrvekrstad og ein lagerhall nr. 5.

Dei fire telta er flyttbare og ikkje planlagt for permanent drift. To av telta vert flytta frå ein annan plassering i bedrifta.

Verftet skriv i søknaden at utvidinga er viktig for å utvikle området for å vere konkurransedyktige. 

Administrasjonen i Fitjar kommune skriv at dei er positive til å gi dispensasjon. 

– Kommunen ønskjer å leggje til rette for næring i kommunen, og ser i denne saka at det er trong for at ein er fleksibel i høve plassering av mellombelse lagerhallar og verkstader. Permanent teknisk rom medfører ryddigare tilhøve, og erstattar tidlegare container på staden. Dette vurderer administrasjonen som positivt, skriv kommunen.