Statens Vegvesen ber kommunane om innspel til planen. Bilete: Ombygging av Hovland i vinter. Foto: Harald Johan Sandvik.

Det nordre alternativet til kryssing av Langenuen er teke ut, og ein står att med alternativ sør ved Jektevik og alternativ midt ved Raunholm. På Tysnes er det fire alternativ for vegføring, og i tillegg kjem fleire alternativ for brufeste på Os.

Det samrøystes vedtaket frå kommunestyret onsdag lyder slik:

«Fitjar kommune ser særs positivt på at arbeidet med ferjefri stamveg mellom Sunnhordland og Bergen no er lagt til høyring, og stør val av midtre konsept 4 C som hovudalternativ. (Midtre linje over Tysnes/ Os)

Det er viktig at ferjefri stamveg mellom Sunnhordland og Bergen kjem snarast mogleg, med naudsynte prioriteringar i NTP. Fitjar kommune viser til at reisetida frå og til Bergen generelt bør vera kortast mogleg.

Kommunen vil ikkje ta stilling til val av alternativ for kryssing av Bjørnefjorden.

Fitjar kommune tek til vitande at alternativ nord for kryssing av Langenuen er lagt bort. Fitjar kommune meiner at alternativ midt (Raunholm) er det klart beste alternativet av dei «resterande» kryssingane over Langenuen.

Fitjar kommune kan ikkje sjå at nokon av alternativa er i konflikt med nasjonale eller regionale omsyn, og meiner utgreiingsplikta er innfridd.

Det er særs viktig for Fitjar, uansett val av brukryssing, at påkoblingskryssa kjem så langt nord som mogeleg, ved alternativ sør ikkje lengre sør enn Agdestein.

Det er sterkt ynskjeleg, dersom det ikkje er mogeleg å få påkjøring ved brua, at det kan bli mogeleg å få ei avkjøringsfil direkte frå brua og mot Fitjar. Dette vil korte reisetida for reiser frå Bergen(og aust for Langenuen) til Fitjar, uansett val av brualternativ.

Ved val av løysing må det leggjast best mogleg til rette for fastlandssamband til Austevoll.»