Høyreapparatet som Fitjarposten.no søkte etter eigar til er no kome der det høyrer heime.

Det var ei takksam dame som fekk det att i dag, og me sender takken vidare til Fitjarstølane barnehage som fann det, tok vare på det, fotograferte det – og tipsa fitjarposten.no om det.