Kyrkjeklokkene ringjer medan lysa brenn på gravene. Foto: Kjetil Rydland.

Tradisjonen tru gjekk fitjarbuen til kyrkje på julaftan, og to gonger blei kyrkja fylt nesten til siste plass.

Over 700 fitjarbuar fekk med seg julestemning frå kyrkja i ettermiddag. På den første gudstenesta var det 352 til stades, og på den andre heile 364, sjølv om Fitjar skulekorps då hadde gått heim.

Sokneprest Roald Drønen prøver seg som tryllekunstnar under julegudstenesta. Foto: Kjetil Rydland.

Sokneprest Roald Drønen stod for to gode, gammaldagse julegudstenester, med Sigrid Fangel som klokkar og tekstlesar. Soknepresten las sjølv Juleevangeliet frå Lukasevangeliet, og i den humoristiske talen sin prøvde han seg som tryllekunstnar.

Fitjar Skulekorps spelte i den første gudstenesta, men så gjekk dei heim. Me som kom «etter pausen» greidde oss godt med dei musikkreftene som var att. Organist Overweg hadde med seg dotter si, Ingrid Overweg, på fløyte.

Organist Jan Overweg og dottera Ingrid Overweg. Foto: Kjetil Rydland.

Kyrkjelyden song dei vanlege julesongane som me syng kvart år på julaftan, først «Det kimer rnå til julefest», og til slutt reiste alle seg og song «Deilig er jorden». Som alltid. Og like høgtideleg og flott som det plar vera.

Dei som som ikkje hadde fått med seg at jula blei ringt inn klokka 17, kunne bli att og høyra på kyrkjeklokkene. Dei kima jamt i ein heil time, medan enkelte etternølarar tente lys på gravene. Ein fin skikk!

Høyr kyrkjeklokkene på denne linken.

- Annonse -