Førstekandidat i Hordaland Venstre, tidlegare ordførar i Ulvik Terje Breivik, lanserer Bergen og Hordaland som hovudsete for ei stor satsing innan fornybar kraft og energi. Sjå lesarinnlegget hans nedanfor.

Klimakrisa kan og må løysast. Ein føresetnad for å redusera utsleppa nok er, i følgje det Internasjonale Energibyrået (IEA), at framtidig energiforbruk primært er tufta på fornybare kjelder.

Omstillinga er i gang for fullt. Offensive EU-mål gjer at nabolanda investerar og skal investera milliardsummar i sol- og vindenergi dei komande åra.

Bergen og Hordaland kan spela ein betydeleg rolle for bidra til paradigmeskiftet. Forskings- og teknologiutviklingsmiljø me har, kombinert med ein sterk og omstillingsdyktig offshore og leverandørindustri, og ikkje minst, tunge energiaktørar, gjer at me sit på gullgruve. Alt ligg til rette for at Bergen og Hordaland kan verta eit hovudsete for klima- og fornybar teknologi og industri.

Industrien og forskingsinstitusjonane våre legg allereie ned betydelege ressursar for utvikla nye klimaløysingar og teknologi. Skal ein få full valuta for innsatsen som vert lagt ned, er ein avhengig av midlar og miljø der ein kan testa ut og utvikla teknologien og løysingane i tilnærma fullskala og reelle miljø. Skal me t.d legga optimalt til rette for at eigen industri skal auka konkurransekrafta i havvindmarknaden, er dei avhengige av ein heimemarknad. Det same gjeld for utviking av hydrogen, jordvarme, bølgekraft, pumpekraftverk og andre kjelder og løysingar.

Som stor og rik energinasjon har Norge eit moralsk ansvar for å bidra til  den nødvendige omstillinga. Samstundes har me sterk eigeninteresse av å posisjonera oss rett for ei framtid og ein energimarknad dominert av fornybar energi. Derfor vil Venstre etablera eit statleg investeringsselskap, i Bergen, med kapital på 4-5 milliardar kroner, øyremerka fullskala pilotanlegg for fornybar energi og energiberarar. Saman med ei styrking av eksisterande støtteordningar og forskingsprogram, vil det auka sjansane for å lukkast monaleg.

Som det tok tid å utvikla dagens slagkraftige og solide petroleums- og offshoreindustri, vil det ta tid å utvikla industri som skal forsyna verda med fornybar energi og -løysingar. Store deler av dagens industri vil vera morgondagens fornybarindustri. Få har betre kompetanse og utgangspunkt for å omstilla seg enn dei. Ei omstilling Venstre vil stimulera slik at me både bergar klimaet og legg til rette for framtidig verdiskaping og velferd.

Terje Breivik

Førstekandidat Hordaland Venstre