Laurdag er det duka for storkonsert i Kultursalen. Fitjar musikklag med songsolistar og innleigde musikarar byd då inn til ein musikalsk happening som det er stilt store forventningar til. Bilete: Musikklaget under øving i går. Foto: Håkon C. Hartvedt

Songsolistana er tenoren vår, Runar Thor Gudmundsson, «souldronninga frå Stryn, Jorunn Erdal, og multimusikar Årstein Tislevoll. Med seg har dei Per Egil Larsen på gitar, Øyvind Fitjar på bass og Ole Christian Ottestad på saxofon.

Leiar i Fitjar Musikklag, Svein Olav Raunholm, lovar at det skal svinge skikkeleg, og ei førebels skisse av det varierte programmet kan du sjå nedanfor. (Endringar kan sjølvsagt kome, men denne skissa skulle likevel gje eit inntrykk av kva du får høyre på laurdag.) 

Billettar: Tlf 941 32 310 eller e-post: ole@fkib.no – eller i døra.

Sjå òg annonsa til høgre på denne sida for nærare opplysningar.

 

Runar Thor Gudmundsson skal mellom anna syngje «You raise me up». Foto: FP-arkiv/HCH

Etter konserten spelar Rai Ti Tai-band med blåsarar opp til dans.

«HOT STUFF»

Program

1. Intro: «We will rock you»

• Queen

2. Shake a tail feather (Jorun + Fredrik Horn (El-piano))

• Blues Brothers + Ray Charles

3. Route 66 (Jorun)

• Bobby Trump

4. You raise me up» (Runar)

• Rolf Løvland/Brendan Graham

5. You’ll never walk alone (Runar)

• skrevet av Richard Rodgers og Oscar Hammerstein II for Broadway-musikalen Carousel.

6. Den du veit (Årstein)

• Marius Müller

7. Crazy little thing called love (Årstein)

• Queen/Freddie Mercury

8. Always on my mind (Runar)

• Elvis Presley sin versjon

9. My way (Runar)

• Frank Sinatra sin versjon

10. Knock on wood (Jorun)

• Eddie Floyd & Steve Cropper

11. Stormy weather (Jorun)

• Harold Arlen og Ted Koehler.

12. Anthem (Runar)

• «Chess»

• B. Andersson, B. Ulvaeus & T. Rice

13. Tigergutt (Årstein)

• CC Cowboys /Magnus Grønneberg

14. Hot stuff (Jorun)

• Framført av Donna Summer

15. I feel good (Jorun + Årstein)

• James Brown