Rådmann Olaug Haugen, her saman med varaordførar Sigurd Andre Maraas. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Fitjar kommune ber om avkøyrsle og overskotsmasser i sitt innspel til arbeidet med reguleringsplanen for Hordfast.

Fitjar kommune har sendt inn innspel til arbeidet med reguleringsplanen for Hordfast, og er tydelege på at kommunen stør realiseringa av prosjektet.

I innspelet ber kommunen om at det vert laga ei avkøyrsle nordover mot Fitjar, direkte etter brupasseringa over Langenuen og før tunellen når ein køyrer på veg frå Tysnes mot Stord.

Dette vil forkorta reiselengda for folk som skal til Fitjar, men kan ogso koma til nytte ved uhell.

– Det vil kunne fungere som ei reserveløysing for E-39 dersom det er stans eller uhell i tunellen på Stordsida. Ved ei slik reserveløysing bør ei sikre at standarden på FV 545 er god nok, skriv rådmann Olaug Haugen, som har skrive innspelet med fullmakt frå formannskapet.

Kan me få overskotsmasser?

Vidare i innspelet skriv rådmannen at Fitjar nyleg har vedtatt ny kommuneplan som peikar på muligheita for å utvikla meir sjønære næringsareal, også på austsida av Stordøya.

– Vi vil difor be Statens vegvesen om å vurdere område i Fitjar kommune som kan vera aktuelle som riggområde for Hordfast. Riggområda vil skapa aktivitet under byggetida, og vil kunna frigje areal til næringsområde som etterbruk. Det vil kunne gje ny næringsverksemd og sysselsetting i vår kommune.

Rådmannen avsluttar høyringssvaret med å melda Fitjar si interesse etter overskotsmasser frå Hordfast.

– Fitjar kommune er midt i arbeidet med ny reguleringsplan for Fitjar sentrum. I samband med dette vert det behov for ein del utfylling i sjø for å utvida landarealet i sentrum. Vi vil difor melda ei interesse for overskotsmasser frå Hordfast til dette føremålet.