PRESSEMELDING: Fitjar Mekaniske Verksted skal installere batteripakke og renseanlegg som skal kutte store utslepp.

I 2018 kontraherte det nyoppstarta rederiet Hordalaks AS brønnbåten «HORDAGUT» hos Fitjar Mekaniske Verksted AS. Båten som har eit lasteromvolum på 4700 m3 er designa av Heimli og FMV i fellesskap, med designbetegnelsen «HFMV LFC 4700  Hordalaks».

I tillegg til at det er lagt stor vekt på utvikling av cargosystemer, for å sikre optimal fiskevelferd gjennom heile spekteret fra smolt til slaktefisk, er det lagt det stor vekt på miljøvenlege løysningar. Raiarlaget ynskjer å vera eit rederi med fokus på miljø.

Skipet vil sjølvsagt klargjerast for bruk av landstraum, men dersom kaianlegg ikkje kan tilby dette vil Hordagut nytta seg av batteri installert ombord. Med hybrid batterisystem kan skipet faktisk ligge i havn utan bruk av motorar til strøm for å drifte skipet.  Ein kan også nytta batteripakken ved oppdrettsanlegga, noko som vil vera fordelaktig for både mannskap, fiskehelse og miljøet generelt.

Ved å installera ein batteripakke knytta til det dieselelektriske framdriftsanlegget, ynskjer ein å utnytta energi produsert ombord effektivt. Med batteri vil ein kunne unngå oppstart av ein ekstra motor dersom forbruket aukar i kortare periodar, dette ved at overskuddsenergi kan lagres i batteripakken og tilføres ved behov.

Med miljøet i fokus vil Hordagut også få installert eit renseanlegg, som vil kunne medføre opptil 80 % NOx-reduksjon. NOx er ei blanding av gassar som bidrar til luftforurensing. Rederiet har fått støtte frå NOx-fondet til batteripakke og renseanlegg. Landstraumanlegget og batteripakken blir levert av VARD Electro, medan renseanlegget leveres av H+H Engineering & Service.

For å understreke miljøbevisstheten rundt Hordagut vil vi nemne at utstyr som MMC First Process leverer, som er i kontakt med vatnet fisken oppheld seg i, nytter same hydraulikkolje som i matvareproduksjon på land.

- Annonse -