Mykje spennande, for ein kvar smak, skjer i Fitjar i dag og i morgon. Nedanfor listar me opp noko for deg.

HOPE-SHOW
I Kultursalen i kveld vert det show med Christine Hope med tittelen «Christine Hope roer seg kraftig ned». Fitjarposten har sett showet og kan stadfeste at ho ikkje har roa seg det minste. Hope er grunnleggjande morosam, og me fann mykje å le av i dette showet. I skrivande stund er det rundt 50 billettar att.

INNSAMLING AV KLE (om du er rask)
Menigheten Nytt Liv Sunnhordland har starta ei spontan innsamling av kle, sko og sengeklede til dei kriseramma i Ukraina. Kle kan leverast på Ambassaden, Sagvåg, i dag fram til kl. 15.30. Dei prøver å få til en nødhjelpssending via Open Heart organisasjonen til Halvard Hasseløy. – Nauda er så stor der nede, håpar alle som kan bidra med noko, stiller seg positiv til dette, sjølv om det kanskje kjem litt brått på, skriv dei til fitjarposten.

Dei kan òg hente på Fitjar. Mobil: 993 06 617 (Åse Tislevoll) eller Bjarne Heggøy 915 40 289.

TÅRNAGENTHELG
I kyrkja er det Tårnagenthelg. Her vert alle 8-åringar i kyrkjelyden inviterte til å vere agentar for å løyse oppdrag og mysterium.
Dette vil òg prege familiegudstenesta i Fitjar kyrkje, søndag.

KONSERT
Søndag ettermiddag er det konsert i Fitjar bedehus med Mette og Roger Sørensen – og Praise Him. Etter det fitjarposten har høyrt av dei, blir dette strålande bra.

KOLDBORD PÅ BEDEHUSET
I Fitjar bedehus i kveld legg dei opp til vaksenkveld med koldtbord der ein tek med seg ein koldtbord-rett til felles stort koldtbord. Tale ved Marit H. Ådnanes – og husband.

SJÅ MARIANN PÅ DIREKTEN
I morgon, søndag, piggar Marian Vestbøstad Marthinsen, sin første distanse under Paralympics i Sotsji. 12 km sitjande for kvinner. Øvinga vert vist direkte på NRK1 kl. 09.25.