Laurdag føremiddag var hønsehauken på ferde i hønseflokken på Rydland då bonden kom over han.

Det var pensjonert bonde Lars J. Rydland som kom over ein svolten hønsehauk i går. Då var fuglen akkurat i ferd med å innta eit herremåltid under ein busk. Bonden høyrde eit leven som kom frå bøken i Hagakleivo, og då han skulle sjå etter, sat ein hønsehauk og åt av ei høne som han hadde stole i hønsegarden til Karen Elisabet R. Sæbø.

Då hauken blei uroa i måltidet, blei han skremt og fauk frå stokk til vegg. Og snart var han borte. Tilbake på valplassen låg ei høne som hadde måtta bøta med livet. Karen Elisabet hadde late høna gå ute, og dermed blir ho eit lett bytte for svolten rovfugl.

Gårsdagens hønedrap bekreftar inntrykket me har hatt ei stund, at hønsehaukbestanden er stor for tida. Hauken har og vore inne i hønsehuset hos Harald Rydland på nabogarden. Heldigvis for hauken veit den kjende politikaren på Sørheio at hauken er freda, og sleppte den blodtørstige fuglen ut att i det fri.

Småviltjegerane i Ovbygo bekreftar òg at det er hønsehauk å sjå rett som det er. Til liks med oss andre ser dei ofte både ørn og hønsehauk når dei er ute.