Fitjarfestivalen er så smått i gang, og me har helsa på nokre av artistane som blir å høyra utover i helga.

Vêrvarselet for helga er relativt bra, og godvêret er alt kome til Liarbø. Der har «The Revivals» i kveld finpussa formen før morgondagens jam og konserten laurdag kveld. Det populære bandet stiller med vanleg mannskap bortsett frå på ein plass. Øyvind Fitjar er leigt inn på bass for Bjørn Kristian Heggøy, som ikkje hadde høve til å vera med denne gongen. Elles får publikum eit nytt møte med Rebecca Alsaker, Sigurd André Maraas, Bjarte Maraas og Ansgar Helland.

Bandet vil ha konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg laurdag kveld kl. 22.30 til 24.00. Rundt midtnatt overtar På Hell, som vil underhalda resten av kvelden. Dei som ikkje har fått tak i billett på førehand, kan kjøpa billett i døra, for 150 kr, fortel Sigurd André Maraas. Denne gjeld òg på Fitjar Fjordhotell. På menyen laurdag kveld har bandet 75 % Creedence Clearwater Revival og 25 % Elvis. I morgon kveld skal dei vera med på festivaljam, som backing på fem songar for Marte Torland.

Me kan konstatera at godvêret alt er kome til Liarbø. Revivals forsikrar oss om at dei tar det med på Fitjarfestivalen i helga, og lovar høgtrykk frå scenen!