Også nokre frå Fitjar fekk søndag 22. februar gleda av å ta del i innsetjinga av Nobu i Olsvik kirke. Foto: Anne Hardeland

Mange i kyrkjelyden, i alle aldrar og også mange konfirmantar, hadde trass i vinterferie møtt opp for å ta imot den nye presten sin. Domprost Jan Otto Myrseth og sokneprest Gunnar Kolaas deltok, saman med Nobu, i ei varm og inkluderande gudsteneste i det vakre kyrkjerommet.

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi der fleire bar fram helsingar til Nobu, og det er tydeleg at dei ser fram til samvær og samarbeid med han.  Dei er glade i mangfald, og med hans bakgrunn, ikkje minst frå ungdomsarbeid, er han akkurat ein slik prest dei ønskjer seg.

 

Som avslutning tok Nobu ordet og uttrykte forventning og glede ved å ta til i tenesta.

Og han ville også gjerne ta seg ein tur til Fitjar på besøk!

Fitjarbuar som tok del i innsetjinga av Nobu i Olsvik kyrkje. F.v. Vigdis Aarre Olsen, Anne Hardeland, Nobu, Lilli-Ann Drønen.

Olsvik kirke. Foto: Anne Hardeland