Meteorologisk institutt sende i går  (3.1.2014) ut varsel om høgt tidevatn for fredag og laurdag denne veka.

Varselet galdt for strekninga Stavanger til Kristiansund, og det vart også nemnt på Fitjar kommune si nettside. Risikoen for høg vass-stand vart vurdert til 30 til 50 cm over det som står i tidevass-tabellane.
Forskjellar i tidevatn varierer i ein månesyklus og vass-stand vert påvirka av luft-trykk og vind. Kraftig vind i Nordsjøen kan skape lange bølgjer som vandrar langs kysten, slik at det blir ekstra høgt vatn der det lokalt er nesten vindstille.
Fitjarposten tok ein tur ned til Hellandsfjorden for å sjå kor høgt vatnet stod mellom klokka tolv og tretten i dag. Biletet syner nokså høg vass-stand. Vinden er laber bris frå sør eller søraust, temperatur 6 grader og nedbør 0,1 – 0,5 mm.
Etterpå vart biletet frå i dag samanlikna med eit bilete frå same staden under stormfloa 27.11.2011. Då var det høgare vass-stand.  Det ekstreme høgvatnet den gongen skuldast nymåne, ekstra lågt luft-trykk og vind inn mot land.

Her kan du lese meir om dette:  sehavniva.no og storm.no