Hønene på Hogste skal skiftast ut, melder Lillian Hovstad, som gir dei vekk til svoltne fitjarbuar.

I dag blir ikkje høner slakta for sal i butikk, og Lillian synest det er synd at så mykje god mat blir kassert. Derfor ønskjer ho å gje vekk hønene gratis til folk som kan tenkja seg ein hønsemiddag eller to.

Hønene må hentast før 4. oktober. Dei som er interesserte kan avtala hentetidspunkt med Håkon Hovstad på telefon 950 83 807. Så her gjeld det å vera om seg.