– Desse to vekene har me to 10.-klassingar utplasserte ho oss i skule/SFO. Det er Sjur Rydland og Jone Træet. Kva er vel betre enn å prøva å setja ein rekord medan me har dei?

Det er lærar Kitty Træet som seier dette til fitjarposten.no, og ho skriv vidare:

– Sjur Rydland er 1.78 m høg. Som de ser av biletea rager snømannen godt over han. Før snømannen fekk den siste toppen på målte me den til nett over 3 meter. Det vil sei at med toppen er den rundt 3.25 m.

Dette er så langt me veit den høgste snømannen i Fitjar i år, men så kram og fin snøen er no, ser me ikkje bort i frå at denne høgda vert utfordra.

Den høgste snømannen me i Fitjarposten har fått bilete av var i frå nokre born på Stranda som laga ein snømann på rundt 3.60 m for nokre år sidan.