– Interesselaget for Fitjarøyane har i samarbeid med Fitjar kommune sett i gang eit prosjekt for uttak av sitkagran i kystlynghei i Fitjarøyane, melder Aase Rygg Nøttveit i ein e-post til fitjarposten.no.

– Arbeidet er eit skjøtselstiltak for kystlynghei som naturtype. Av dei som fekk tilbodet har 10 grunneigarar takka ja til hjelp til uttak av sitkagran.

Utlysing om tilbod på jobb med hogst og transport er no ute, og tiltaket kan difor komme i gang allereie frå hausten 2012. 11 område ligg til grunn for tilbodet.

Interesselaget for Fitjarøyane ynskjer pristilbod frå føretak som kan utføra oppdrag med hogst, rydding, transport til sjø og vidare transport til land og tilkomst til bilveg. Underleverandørar kan nyttast, fortel Nøttveit vidare.

Tilbodsdokument kan ein få tilsendt ved å vende seg til Fitjar kommune,  e-post: fitjar@fitjar.kommune.no, eller på telefon 53 45 85 00. Frist for å levere tilbod er 30. juli 2012.