Kraftlaget har no fjerna høgspentlinja over Smedholmsundet. Ei linje som svært høge seglbåtar har kappa tidlegare.

Dermed er det tryggare å ferdast gjennom Smedholmsundet. Linja er no lagt i kabel på botn.

– Men det er grunn til å minna om at spennet på søraustsida av Smedholmen, ved Svelto, over mot Kalvaneset, framleis ikkje er lagt i kabel. Men det skjer venteleg neste år, melder Fitjar Kraftlag på nettsidene sine.