– Ja, dette er høgsesong, seier Arnt Helland i Fitjar Småbåt- og Fritidsservice AS og pustar djupt. Han kan «nesten ikkje seie det», men på ein måte er han litt glad for at det ikkje er finare vêr. – Då hadde det vore «grusomt» travelt!  Bilete: Arnt Helland i samtale med Bjarte Halland. Foto: Håkon C. Hartvedt

Når me kjem utom firmaet i Årskog er Helland i prat med Bjarte Halland frå Bergen. Han har nyleg kjøpt ein Pioneer hos Fitjar Småbåt- og Fritidsservice og er utom for å få svar på noko han lurte på. Det får han, og han er godt nøgd når me stoppar han for ein liten prat. 

Handlar lokalt
– Eg har hytte i Osternes og stortrivst der. Er der kvar sommar og oftare enn det òg. Ein passeleg tur frå Bergen, synest eg. Og dessutan har kona gode sommarminne frå Stord, fortel han.

– Og så har du kjøpt båt på Fitjar.

-Ja, eg likar å handle lokalt. Skjer det noko kan eg få både reparasjon og service på plassen.

Det får han òg.

Ein del av arbeidet hos båtforhandlaren og båthotellet i Årskog i sommar går nettopp ut på det. I tillegg til bra sal på både båtar og motorar, handlar det mykje om reparasjonar.

– Det kan alltid skje noko, òg uforutsette ting. Då tek me gjerne ein tur og ser på det som må gjerast. Må det reparasjonar til hentar me båten med oss ut til Årskog og reparerer han der, seier Helland og peikar på ein båt som han nettopp har henta, og som framleis er på hengjaren.

Ny mann på laget
Vidare er han glad for at Oddvar de Fine og han sjølv no har fått Oskar Digernes Særsten med på laget. Det er meir enn nok å gjere og «helst skulle arbeidet vore gjort «i går». 

-Det er jo slik at folk har ferie. Og om båten då sviktar vil dei sjølvsagt ha han reparet så fort som mogeleg, mendan dei enno har nokre feriedagar igjen, seier Arnt Helland til slutt.

Oskar Digernes Særsten i arbeid med ein 135 HK Mercury. Foto: Håkon C. Hartvedt