-No er det høgsesong for båttjuveri. Forsikringsbransjen ber deg spesielt passe på båtmotoren din, som er ettertrakta vare blant utanlandske bandar på røvartokt, skriv NRK Hordaland på nettsida si i dag. Illustrasjonsfoto: Stockphoto.

Dei fortel at forsikringsbransjen har registrert ei rekkje båttjuveri den siste tida, og politiet sit på etterretningsinformasjon om utanlandske bander som viser stor interesse for norske hamner. Det har vore ei rekkje raid frå omreisande, velutstyrte bandar i det siste.

 -Mens de fleste av oss er låser døra til bilen, så ligg ofte båtar med kostbare motorar til fleire hundre tusen kroner – nærast usikra ved bryggja, heiter det vidare på nettsida.

Ifølge Finans Norge vart det i fjor meldt 10.634 skadetilfelle på fritidsbåtforsikring. 1667 av desse galdt tjuveriskadar.

Politiet ber om at publikum noterer registreringsnummer på eventuelle bilar, og gjerne tar mobilbilete dersom ein observerer mistenkeleg aktivitet ved marinaar og andre stader det vert lagra båtar og båtutstyr.

Les meir her.