Høgre  fekk sju mandat og vart den store valvinnaren i Fitjar. KrF gjorde òg eit godt val. Frp kan bli jokeren.

– Eg er veldig audmjuk overfor eit slikt resultat. Det er berre å takka bygdefolket som syner meg ein slik tillit. Det er ikkje tvil om at sju mandat gjev oss eit godt grunnlag i forhandlingane med dei andre partia, seier Høgre sin ordførarkandidat Wenche Tislevoll i ein kjapp kommentar.

Ordførar Harald Rydland gjorde òg eit godt val i det KrF fekk eit mandat meir enn i 2007 og gjekk opp frå tre til fire mandat. Om det er godt nok til at han får behalda ordførarkjedet gjenstår å sjå.

Det kan sjå ut som at Frp ligg an til å ta to mandat. Finteljinga vil syne om så skjer. I tilfelle kan Sigurd Andre Maraas og Frp bli ein joker i forhandlingane, i det Høgre og Frp då kan få fleirtal åleine.

Det er no forhandlingane startar.

Resultatet ser du på nrk.no.