Høgre sin toppkandidat framfor årets kommuneval er Wenche Tislevoll. Weche, som er kommunestyrerepresentant i denne perioden, ser det som ei positiv utfordring å vera ordførarkandidat.

– Mange av dei store sakene som kjem opp i kommunestyret er me folkevalde samde i. Alle vil me jo det beste for bygda, smiler ho, og fortset: – I Høgre har me likevel vore heilt tydelege på at eigedomsskatt vil me ikkje ha, mens me heile tida har vore positive til vindkraftutbygginga. Me trur òg at denne utbygginga kan vera det som skal til for at Fitjar kommune skal koma økonomisk heilskinna igjennom den føreståande skuleutbygginga i sentrum.

Andre saker Høgre i Fitjar er oppteke av er storstilt bustadutbygging på Rossneset, ressursbruk innan pleie og omsorg og at kommunen må få bestemma meir lokalt. I dag blir altfor mykje bestemt av Fylkesmannen eller staten, seier Wenche Tislevoll.

Wenche Tislevoll er vidare godt nøgd med at dei har mange kvinner på lista si, og ser gjerne at tida no er mogen både for ei kvinneleg ordførar og Fitjar som ein høgrestyrt kommune.

Høgre si kommunestyreliste ser elles slik ut:

1. Wenche Tislevoll (kumulert) 2. Tor Henning Vestbøstad 3. Frode Pletten 4. Arne Prestbø 5. Bjørg Tislevoll 6. Tor Ivar Thomassen 7. Bente Karin Isdahl 8. Martin Nysæter 9. Sigurd J. Underhaug 10. Trond Aarskog 11. Anne Hansen 12. Jostein Prestbø 13. Jo Kjetil Strand 14. Vibeke Strand 15. Stein Helge Simonsen 16. Torstein Grimen 17. Heidi B. Helland 18. Terje Træet 19. Jan Kåre Mehammer 20. Anne Grete Solli 21. Margareth Hillestad 22. Halgeir Grov. 23. Laila Korsvik