Under Norge Rundt fredag får Helene Langeland og Margrete Rusten og resten VG2 Kokk- og servitør sannsynlegvis vist fram mange måtar å bruka bringebær på.

 

Helene Langeland og Margrete Rusten fortel at det er inspirerande å jobba på denne måten; å laga skikkelege ting som andre skal prøva. Dermed blir det dei held på med på skulen mykje meir relevant. Og kanskje blir det ein salssuksess. No får dei kanskje vist fram alt det gode dei har laga, i beste sendetid fredag.

 

Plutseleg var tunet fullt av kvitkledde som dekka på til eit festmåltid. Foto: Arne Vestbøstad

 

I utgangspunktet skulle ein prøva å få til matlaging med Geir Skeie under innspelinga av Norge Rundt på Prestbø. Men han var ikkje tilgjengeleg, og etter å sysla med fleire alternativ, tok bærbonde Jostein Prestbø ein telefon til Fitjar vidaregåande skule og spurde om ikkje Kokk- og servitør-klassen kunne diska opp med noko. Dei tente på ideen, og måndag morgon sette klassen i sving med å laga rettar til gjestene frå NRK.

 

Skal det vera litt bringebærsalat? Foto: Arne Vestbøstad

 

Imponerande

Dette var upløgd mark, og kreativiteten fekk blomstra i klassen. Dermed kunne dei troppa opp i tunet på Prestbø, rundt lunsjtid, og setja fram dei lekraste rettar. Det var alt frå salat med bringebær, smoothie, ein bringebærversjon av Tilslørte bondepiker,  til ein bolle der restane frå bringebæra i andre rettar blei nytta som fyll. Bollen har dei døypt Prestbøbolle.

Jostein Prestbø er overvelda over kva elevane har fått til, og det overgjekk alle forventningar.

– Eg ville ha noko meir enn berre saft og syltetøy å setja på bordet, fortel han. Og det fekk han sanneleg. Å samarbeida med Fitjar vidaregåande trur han vil bera frukt i framtida. Dei får eksperimentera med gode råvarer, og Prestbø får tilgang til oppskrifter, samt at han håpar elevane blir gode kundar når dei ein gong skal ut i kokkeyrket.

 

No ser det ut for at klassen skal organisera seg i ei elevbedrift, og prøva å få til ei kokebok, så utover skuleåret blir det å forska seg fram til fleire spennande oppskrifter. Klassen skal også delta i kokkekonkurransen TINECup, der akkurat bringebær er råvara i dessertkonkurransen, så her er det mykje å tena på å samarbeida.

 

– Dette var «snavvel» som me seier i Trøndelag, sa ein smørblid Tom Erik Sørensen etter å ha smaka seg gjennom lekkerbiskane elevane sette fram. Foto: Arne Vestbøstad

 

Etter rosen frå både Jostein Prestbø og teamet frå NRK, kan det sjå ut som elevbedrifta går ei lys framtid i møte.

 

 

Ingressbilete: Helene Langeland (til venstre) og Margrete Rusten med to produkt med eit smakfullt potensiale, nemleg bringebæreddik (t.v.) og bringebærsirup frå Fitjar.