Her går vegen ut i det fri frå ferista på Rimbareid. Foto: Kjetil Rydland.

No har ferista rett nedanfor Rimbareid kraftstasjon blitt gjort om til ei trygg ferist både for hoggorm, padder og andre usle kryp.

Det er ein gledesstrålande ordførar, Harald Rydland, som melder dette på telefon i dag. Teknisk sjef, Randi Karin Habbestad, i Fitjar kommune har hatt folk i sving i sommar og laga skikkeleg rømmingsveg, slik at karet under ferista ikkje lenger er ei dødsfelle for småkrypa.

Det er brent hol i veggene mellom dei ulike kara og ut i det fri. Foto: Kjetil Rydland.

Det var i sommar Fitjarposten skreiv om ferista nedanfor Rimbareid kraftstasjon, ei dødsfelle for fugleungar og ulike smådyr. Dei har hamna i stålkassen under ferista, utan den miste sjanse til å koma seg opp att langs dei blanke stålveggene.

No er det brent hol med skjerebrennar i veggene mellom dei ulike kammera under ferista, og i den eine ytterveggen. Her er det òg lagt eit solid røyr ut i det fri, på sida av ferista. Dermed skulle det ikkje vera noko problem å koma seg ut om du skulle vera så uheldig å ramla nedi.

Unge Oline Rimmereid har bera både fugleungar og andre kryp frå den visse død under ferista. Ho har hatt høg beredskap i sommar for å avverja fleire feristulykker. No kan ho slappa av, og hoggormen på Rimbareid kan sjå hausten lyst i møte.

No kan både hoggorm og andre usle kryp lett koma seg ut av ferista på Rimbareid! Foto: Kjetil Rydland.