Ein hobbyfiskar ved Storavatnet hadde dårleg fiskelykke laurdag ettermiddag.

Likevel hadde han noko med seg heim. På veg opp frå vatnet oppdaga han ein stor, feit hoggorm som låg og sola seg på berget. Hobbyfiskaren, som ønskjer å vere anonym, tok ormen i halen og gjekk heim, kanskje for å vise han til barnebarna. Tilfeldig møttest me og det var fristande å ta bilete.

Hoggormen er eit fredeleg dyr, og ikkje så farleg som me trur. Men me kan vel berre fortsetje å passe oss, sjølv om nærare femti % av ormebita er utan gift. Ormen bit berre når han blir redd. Men når ormen skal ha seg mat, sprøyter han gift inn i byttet, det blir lamma og døyr etter få minuttar. Blant smågnagarar finn ormen føda si. Det nyttar ikkje å skrike for å skræme hoggormen, men eit hardt tramp i marka reagerer han på; han oppfattar vibrasjonar.