Det skal vera observert uvanleg mykje hoggorm i år, noko som kan tyda på det er hoggormår.

I alle høve om me skal dømma etter rapportar frå ivrige turfolk, som seier dei har sett hoggorm både her og der. Men om me googlar på nettet, ser me at det er hoggormår både tidt og ofte, nesten kvart år! I år hadde me ein mild vinter, noko som gjer det naturleg å tru at ekstra mange av dei giftige kjeltringane klarte seg gjennom dvalen. Men også i fjor, då me hadde tele i jorda fram til juni, var hoggormen ein hyppig turkamerat. Dette omtalte me i Fitjarposten.

Til liks med andre turfolk har me sett ein del hoggorm i år, men kanskje ikkje fleire enn vanleg. Her ein kveld fekk me helsa på ein stolt representant av arten. Han låg og freste i vegkanten i Gamle Sæterbøvegen rett vest for Orraskitekjeldo. Hadde han ikkje frest, hadde han vel ikkje blitt oppdaga i det heile. Då han hadde frest litt og sett inn i kameralinsa, trekte han seg tilbake til buskar og kratt.

Det er det han plar gjera, han freser om han føler seg truga, og høgg berre dersom han ikkje veit anna råd. Seier iallfall dei som har greie på det. Dei seier òg at sjansen for å bli biten av ein hoggorm er forsvinnande liten. Men det kjem sjølvsagt an på kor mykje du freistar skjebnen.

Hoggormen er vanlegvis ikkje livsfarleg, slik me blei fortalt i hine hårde dagar. Faktisk er det sjeldan at nokon misser livet av hoggormstikk. Det er ikkje farlegare enn eit vepsestikk, seier dei som har greie på det. Men det kan jo vera ekkelt nok, så det gjeld å passa seg.

Det er individuelt kor sterkt ein reagerer på hoggormstikk, du kan bli svimmel og kvalm og få smerter i kroppen. Rundt bitet kan du hovna kraftig opp. Enkelte får ingen symptom i det heile; det er ikkje alltid bruker gift. Då det hender ein sjeldan gong at folk døyr av hoggormbit, bør ein snarast oppsøkja lege dersom ein er blitt biten. Du kan lesa meir om hoggorm til dømes på Wikipedia.

Til liks med øglene og amfibia er hoggormen freda etter viltloven av 2. april 1982. Denne loven avløyste jaktloven av 1951, som ikkje gav hoggormen noko vern. Såleis var hoggormen lovleg vilt då me i vår barndom gjekk laus på han med stokkar og stein.

Me fekk alltid skryt når me kom heim og fortalte at me hadde drepe ein hoggorm. Det gjorde nok òg dei tre ungdommane som kom heim frå fjellet ein gong på føresommaren i 1933. På veg til fjells med smalen hadde dei teke livet av heile sju hoggormar!
Den munnlege kjelda vår vil helst vera anonym, sjølv om det ikkje var straffbart å drepa hoggorm den gongen.

Folk som hugsar godt og langt tilbake, kan fortelja at sommaren 1933 var ein av dei finaste på våre kantar i det førre hundreåret. Då tørka dei høyet på bakken, og det var ganskje sikkert eit hoggormår!