Massemønstringa i Kultursalen i går kveld, vart akkurat det han skulle vere, ein presentasjon av eit blomstrande og spirande musikkliv. I tillegg slo Næringlivet i Fitjar til med mellom 70 – og 80 000 ekstra kroner til Kulturbygget.

Og høgdepunkta stod nærast i kø.

Mange gongar før har me blitt imponert av Ole Andre Westerheim. Denne gongen må me innrømme at me nesten gløymde å fotografere på grunn av den flotte framføringa hans. Ole har talent på mange felt, men me synest at talentet er ekstra stort når han framfører country, sjølv om Bob Dylan-låta òg var stor.

"Martins" med Martin Hatlevik, Harald Rydland, Ole Christian Ottestad og Geir Vik var ein super, ny gruppesamansetning, som verkeleg fekk det til å svinga i salen. At Ole Christian kan improvisere visste me, men kor mange har tidlegare høyrt ordførar Harald Rydland kose seg på pianoet, nærast som Scott Joplin, i ragtime-pianostil? Eller Geir Vik spela bass, slik han gjorde det i går? Og så Martin Hatlevik då. I refrenget til "Rock`n roll kids" fekk me verkeleg oppleve stemmeprakta hans. Og då gjer det sjølvsagt ingenting om gitaren var litt "sur".

Fantastisk er det at me har ein pianist av Irene Simonsen sitt format her i bygda. Ho skuffa såvisst ikkje denne gongen heller.

Ole Bergesen og Henning Wickmann fekk låtten skikkeleg opp med revynummera sine, og Per Drønen og Ingolf Rimmereid likeeins, med flott opplesing og kveding.

Johanne Fangel Brekke har utvikla seg svært bra sidan sist me høyde ho. Meir velutvikla stemme, og ei framføring med nydeleg innleving, gjorde at det heile var svært vakkert. Siri Eidsnes synte òg fram ei ny side av seg sjølv. Ho er blitt tøffare.

Musikklaget imponerer oss stadig. Også denne gongen. Her er det temperament, dynamikk, breidde og fulltonande lydbilete, av svært god klasse. Skulekorpset synte òg stor framgang.

Osternes Mannskor framførte denne gongen ein shanty. Det synest me var artig, og me vonar dei gjer meir av det, sjølv om denne framføringa verka noko uferdig. "Så skimrande var aldri havet" var derimot nydeleg å høyra på.

Fitjar Tensing er eit nystarta kor med for det meste 8-klassingar. Dei framførte to songar. Synd at mic-en datt ut fleire gongar under den vàre og fine soloen til Camilla Volden, men det gjekk likevel bra med både den songen, og ikkje minst med  "Another brick in the wall", der dirigenten, Ann-Sofie Drønen, rocka med  på el. gitar.

Til slutt fekk me høyre "Prima sekunda" med mellom anna Raunholm-brørne  i bandet. Eit flott innslag, sjølv om dei òg fekk litt problem med lyden i starten.

Det tyder ikkje at lydfolka gjorde ein dårleg jobb. Stort sett var lyden svært bra.

Tidlegare ordførar Agnar Aarskog batt det heile saman på ein god måte, og Terje Træet og Terje Vidar Westvik skal ha ros for å endå ein gang ha drege i gang eit så flott arrangement.