Nokon har kanskje lagt merke til ein avstikkar frå vegen til Svartasmoget.

Tore Nesbø, tilsett i Fitjar kommune, seier til fitjarposten.no at den store tanken som er synleg ved bommen til avfallsplassen, rommar 900 kubikk. Han er sett saman av betongelement. Høgdebassenget er eit vassreservoar som skal dekkje Dåfjorden og delar av Øvrebygda. Det vil gi sikrare vassforsyning til abonnentane når forbruket er høgt, til dømes når mange vatnar i hagen om sommaren eller når folk let vasskraner stå og renne litt på kalde vinterdagar. Nesbø legg og til at reservoaret vil kome til nytte ved leidningsbrot eller ved brannsløkking. Sjølve bassenget er klart, men det skal fyllast til på utsida slik at tanken blir mindre synleg i terrenget. Området skal vere klart i førstninga av desember, avsluttar Tore Nesbø.