Det begynte med stilkesting då ho var jentunge. I dag broderer ho bunadskjorter.

 Me har tatt ein prat med Marit Hjelmen, som til dagleg er å finne bak disken i Husflidskroa, der det er stor aktivitet også på bakrommet. Denne dama arbeider med Fitjar-bunad og Sunnhordlands-bunad året rundt. Begge sortane er aktuelle for jenter skal ha bunad til konfirmasjonen. Marit fortel at pågangen er stor, det er to års ventetid og ho tek i mot nye bestillingar etter nyttår. Den bunaden som er under arbeid i desse dagar, skal sendast til Oslo. Der er det ein konfirmant som ønskjer Fitjarbunad. Då tenkjer me at her er det gode slektsband til Fitjar.

Marit Hjelmen kjøpte Husflidskroa for snart seks år sidan, og valde å fortsetje i same spor som forrige eigar. Tidlegare arbeidde ho som dagmamma. Då var det berre høve til å sy bunadskjorter på fritida. No nyttar ho ledige stunder i butikken til diverse arbeid med bunader. Marit broderer skjortelinningar helst på fritida og nyt ei god lydbok samtidig. Skjorta til Fitjar- og Sunnhordlandsbunaden er sydd av lin med uttrekkssaum eller tettsaum. Mønstra kan variere. Ein nyttar same stoff til kvite forkle. Monteringsarbeid vert ofte gjort i butikken når det er rolege tider. Elles syr ho stakk og liv og forkle og leverer ferdige bunader. Perla brystduk og belte er det Marta Ivarsøy som lagar. Mange ønskjer brodert brystduk og belte. Marit viser og til andre når nokon vil ha vevd forkle til bunaden sin, og då er Sylvi Thorland ein trufast leverandør. Kvite forkle syr Marit sjølv når tida tillet det.                                                                                                                                 
Mange bunadsglade folk opplever at «bunaden krympar» i skapet. Marit kan hjelpe til når noko skal endrast på. Det er arbeid ho tek innimellom alt anna, så ein må nok stå på venteliste ei stund.

Interesse for handarbeid av ulikt slag har Marit hatt nesten heile livet. Det var ei «passepike» som lærde ho å sy stilkesting og seinare var mor ein god læremeister saman med to bestemødre som gav innføring i hekling og hakking. Etter kvart lærde ho seg uttrekkssaum og sydde bunadskjorter, først og fremst for familie og kjende. Det var ein kjær hobby den gongen, seier Marit, og let oss forstå at hobbyen er like kjær i dag. Men no er det samtidig ein del av jobben hennar, saman med utsal av garn i store mengder og ulike husflidsprodukt. Ein kan bestille alt stoff til Fitjar- og Sunnhordlandsbunaden i Husflidskroa, og Marit skaffar ofte det som trengst til bunadskurs av desse to sortane, om det er på Fitjar eller Leirvik.