Tidlegare Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll har gått tilbake til arkitektstolen, og har no ansvaret for eit prestisjeprosjekt på Svalbard.

Tislevoll gjekk tilbake til jobben som arkitekt hos Stord-kontoret til Link Arkitektur etter at ho gjekk av som ordførar i Fitjar kommune hausten 2019.

No har ho fått ansvaret med å utvide og fornye ein Coop-butikk på i Longyearbyen på Svalbard. Varehuset vil vere det nordlegaste i verda.

– Svalbardbutikken er eit viktig knutepunkt for alle som bur på Svalbard. Og få ta del i prosjektere verdas nordlegaste varehus i Longyearbyen er noko me verkeleg ser på med stoltheit her i Link, seier Wenche Tislevoll i ei melding, attgjeven av nettstaden Byggfakta.

Arbeidet består blant anna av eit tilbygg til den eksisterande butikken på to etasjar, på totalt 2100 kvadratmeter. Coop investerer 87 millionar kroner i prosjektet.

Tislevoll skriv at Link Arkitektur har vore oppteken av å teikne eit bygg som glir fint inn i den majestetiske landskapen på Svalbard.

– Naturen og landskapen på Svalbard har vore eit viktig element i utforminga av bygget. Fasaden vil ha ein ståande trekledning av malmfuru.

– Fasaden vil framtre skiftande avhengig av dagens vêrtype, til dømes vil vindretningar saman med nedbør bidra til at dybdespelet i kledninga vil få snø og regn til å legge seg på fasden i forhold til vindens retning.

Bygget skal stå ferdig i februar 2021.