Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor inviterte til "Hjortakveld" for grunneigarar, jegerar og andre interesserte, på Vikahaugane på Stord.

Frammøtet var mindre enn i fjor, men mellom 35 og 40 stykker kom for å høyra om resultatet av hjortejakta 2007, opplegg for jakta 2008 m.m. Det var stor overvekt av menn, men og nokre damer. Fleirtalet kom frå Stord, men det var og ein liten gjeng frå Fitjar der.

Det var Turid Verdal frå Stord Fitjar Landbruks- og Miljøkontor som stod for det meste av informasjonen.  Alt tyder på at hjortebestanden er aukande, og trenden er at det vert tildelt stadig fleire løyve på felling av hjort. På 50-talet vart det nesten ikkje felt hjortedyr her på øya, medan det i 2007 vart felt 190 dyr, der 104 av desse vart skotne på Fitjar.  Det har aldri før vore observert så mykje hjort som under vårtellinga i 2008, ein har aldri før sett så mange dyr på innmark som i år, og det er ein del område som har skade frå hjort på innmark m.m. I år har dei ulike hjortevalda på Fitjar fått tildelt 122 fellingsløyve tilsaman.  Av desse skal 25 stykker vera kalvar, 50 koller og 47 bukkar. Verdal minna om fristen for innbetaling av avgifta for ettersøkshund, som er 10. september,  at det rett etter jakta er slutt skal sendast inn ulike rapportskjema og at det vert utførd kontrollar under jakta. Ho oppmuntra til samarbeid mellom valda, og ynskte alle ei god jakt.

Vidare informerte Turid Verdal om Merke- og utviklingsprosjektet for hjort i Hordaland og Sogn. Dei ynskjer å merka hjortedyr frå 2008-2012 for å auka kunnskapen om hjorten og bedre hjorteforvaltinga, slik at ein får ei meir forutsigbar bestandsforvalting. Til dette prosjektet treng dei frivillige grunneigarar som stiller areal til disposisjon for merkinga av dyr, og som eventuelt organiserer med for til merkeplassen om det trengs (utgifter vert dekka av viltfondet). I Fitjar har viltnemda gjort vedtak om at kommunen ikkje skal vera med i prosjektet avdi nytten ikkje står i samsvar med innsatsen, og at dette prosjektet er ei regional oppgåve.

Ein bolk i programmet var satt av til  informasjon om det nye storvaldet på Stord, Stord hjortevald, som er nytt av året.

Vidar Lillevik fortalde om ettersøksordninga, korleis jegeren skal forhalda seg når han har skote eit dyr, og ikkje minst kva som skal gjerast dersom det er mistanke om skadeskot. Ettersøkslaget har vakttelefon og folk og hund som er i beredskap under heile jakta, frå 10. september til 15. november.

Forvaltningsplanen seier at det er ynskjeleg å stabilisera hjortestamma, og at ein ynskjer høgt uttak av unge dyr. Det er viktig at dei som skal gå på jakt rettar seg etter dei rettningslinjene som valda har fått skissert i saman med tildelinga av fellingsløyva, minna Turid Verdal om til slutt.

Ynskjer ein meir informasjon om hjortejakta på Stord og Fitjar, eller ein ynskjer informasjon om Merke- og utviklingsprosjektet kan ein gå inn på www.miljostatus.no/stord/  .