I natt klokka 24.00 gjekk startskotet for årets hjortejakt, og til liks med i fjor er det tilldelt rekordmange fellingsløyver i Fitjar kommune.

I Fitjar er det 12 hjortevald som tilsaman har fått tildelt 175 fellingsløyver på hjort. Til samanlikning har Stord kommune i år delt ut fellingsløyve på 129 dyr. Av desse 175 dyra på Fitjar er 93 tildelt Øvrebygda storvald. Andre store vald er Søre Stranda som rår over 15 løyver og Vik/Nesbø/Vestbøstad som rår over 10 løyver. Dei resterande valda har fått fellingsløyve på mellom tre og åtte dyr kvar. Det finst og hjort i Fitjarøyane og 11 av løyva går til hjortevalda Fonno og Ivarsøy.

Storvaldet i Øvrebgyda, som og omfattar fjellsameiga, styrer sjølv kva type dyr som skal fellast, etter ein treårig bestandsplan. Resten av valda får dyra spesifisert som kalv, hodyr eller hanndyr.

I 2008 vart det berre delt ut 122 fellingsløyver. I 2009 vart det, som i år, delt ut 175 løyver i Fitjar, og fellingsprosenten var då på 91 prosent, dvs at det vart felt 159 dyr.  Ingunn Varanes ved Stord-Fitjar landbruks- og miljkøkontor seier dei er veldig spende på resultatet frå årets jakt, med tanke på det rekordhøge uttaket i kommunen i fjor. Det var og ein spesielt hard vinter for hjorten i år, men Varanes fortel at observasjonar dei siste månadane gjer at dei trur det er mogleg å gjenta den høge fellingsprosenten frå 2009.

Jegerane har vore på skytebanen for å skyta prøveskot og ta skyteprøven, og er no klar for jakt. Mange har gledd seg lenge, og i følgje bønder som opplever hjortebeiting på bakkane sine er det rikeleg med hjort på bøane og i skogen i år og. Først etter 15 november kan hjorten igjen beita fritt utan å frykta jegarar på post.

Det er verd å merka seg at fem av hjortane som går rundt på øya her er gps-merka. Tre av desse vart merka her i 2009, medan dei to siste vart merka på Tysnes og på Austevoll, og har kome hit etterpå. Nokre av desse dyra ynskjer landbruks- og miljøkontoret at ein skal fella, nokre ynskjer dei at ein ikkje skal fella. Du kan lesa meir om dette på kommunen si heimside her.