Det er ikkje alle i Fitjar som har hatt det like travelt med å få unna slåttonna, iallfall ikkje bonden på Sæterbø.

Bøndene i Fitjar er meir eller mindre ferdige med førsteslåtten, trass i den seine våren. Og møkelukta har senka seg over bygda dei siste vekene.

Men for Sverre Sæterbø ser det ikkje ut til å ha slik hast. Bøane hans oppe på Sæterbø er sterkt prega av hjort. Her går hjorten og beitar nærmast kvar natt, seier Sverre til Fitjarposten. Og det er ikkje vanskeleg å sjå, graset ber preg av at her går det ein stor bøling og beitar heile tida. Delar av bøen ser ut som ein litt ustelt plen; enkelte stader er ikkje graset høgare enn 10 centimeter!

– Spesielt om morgonen er det lett å sjå kor hjorten har gått, seier Sverre; då ser du spora heilt tydeleg i dogga. Men andre merke etter hjorten er heller ikkje vanskelege å sjå. Beitinga fører til at graset blir sett så sterkt tilbake at ugras som vassarv og soleie tyt fram over store område.

Bonden er naturlegvis dyktig lei av hjorteplaga. Han fortel at eit skikkeleg hjortegjerde er veldig dyrt, og neppe rekningssvarande. Dei siste åra har han hatt fellingsløyve på 8-10 hjortar, om lag det same talet som heile hjortevaldet på Rydland, Årbø og Sæterbø fekk til saman for ein del år sidan. I fjor skaut bøndene i hjortevaldet 40 dyr, men det ser ikkje ut til å gå ut over hjortestamma, om me skal dømma etter spora etter hjort på Sætebø og andre stader i bygda.

Sverre fortel at 10 hjorteløyve på langt nær kompenserer for det store tapet hjorten påfører han. Truleg måtte han hatt langt fleire løyve om det skulle monna. Me andre som nyt synet av spenstige hjortar langs hovudvegen, får senda ein vennleg tanke til Sverre Sæterbø og dei andre bøndene som har desse flotte dyra i kosten. At dei gjerne kunne tenkja seg å skyta endå fleire, bør me kanskje ha forståing for.