I Mollebrekko heilt nord på Aarbø blei ein kronhjort påkjørt i mørkret fredag morgon.

Ein uheldig bilist fekk nok ei påminning om at hjortefaren er stor i Fitjar, då han kolliderte handlaust med ein stor, fin kronhjort fredag kl. 07.30. Kollisjonen med volvoen førte til skadar på hjorten, som likevel kom seg unna. 

Etter kontakt med politiet blei jeger og sertifisert elghund sett på saka, på forskriftsmessig måte. Dei følgde spora i fleire timar utan å lukkast å finna hjorten, sjølv om dei såg at han hadde blødd litt.

Bilføraren kom frå det ublide møtet med kronhjorten utan skadar, men må nok skifta panser, hovudlykt og frontrute på bilen.