Formannskapet sender kr. 5000

Under posten ”ymse” tok ordførar Harald Rydland opp om formannskapet var samd i å sende litt hjelp til dei jordskjelvramma i Haiti. Mange kommunar i Noreg har bestemt å sende ei krone for kvar innbyggjar. Han fikk spontan respons frå Agnar Aarskog som sette summen til kr. 5000.