Fitjarlærarane på mellomtrinnet, og nokre lærarar frå skular på Stord,  har i dag vore på kurs for å endå betre kunne hjelpe borna i deira sosiale utvikling.

Kurset heiter «Det er mitt valg»  og er eit program utvikla av Lions. Målet er å auke sosial kompetanse for barn, slik at dei vert sett betre i stand til å ta dei gode og rette vala gjennom oppveksten, med omsyn til  mobbing, rus og generelt læringsmiljø. 

Andre program i småskulen og ungdomsskulen.
I ungdomsskulen er ein med i «MOT»-programmet. -Me har allereie harr ei økt med instruktør og samlingar for ulike klassetrinn. Men 30. september kjem ein av leiarane i «MOT» til Fitjar for å setje endå meir fokus på dette.

«Zippys venner»
«Zippys venner» er namnet på det programmet ein brukar i småskuleklassane i Fitjar. Som dei andre er òg dette eit program som skal skape «gode haldningar og strategiar for sosial samhandling», som rådgjevar ved Rimbareid skule, Frøydis Almås, seier det.

 

Ingressbilete. Ein «leik» for å skapa gode haldningar. Kvar person har ein papptallerken på ryggen. På den skal dei andre skrive utelukkande positive ting om den personen som har han på seg. Slik er godt for sjølvkjensla. T.h. ser me president i Lions Stord Fitjar, Terje Torget, som òg var med på kurset. Foto: Håkon C. Hartvedt